Translate

lørdag 21. mai 2011

"Raindrops keep falling on my head"

Her er nok eit resultat av stoffskattane eg fann på Fretex forrige helg:)

Utgangspunkt: ei ny dongeriskjorte frå Cubus (kjøpt på salg med tanke på redesign), rosa syntetisk ribb-stoff frå S&S, polyseterliknande stoff frå 70 talet? kjøpt på Fretex, grått og sølvfarga strikke-stoff frå S&S. Underskjørt av ferskenfarga polyestejersey frå S&S.
Klipte vekk ermene + litt meir på dongeriskjorta, klipte til  rosa stoff til brystpartiet, og klipte til skjørtedelen. Klipte nye ermer. Sydde først i ermene, sydde så sidesømmer, slik at eg fekk ein overdel, sydde så fast den rosa midtdelen før eg sydde fast skjørtedelen og  underskjørtet, og sydde så saman skjørt og overdel. Brukte skjørtestoffet som ermekantavslutning for å få litt heilheit i kjolen.

Herleg mønster på skjørtedelen, har heldigvis eit par meter igjen av dette stoffet, så det kan bli fleire kjolar/skjørt i dette stoffet i kombinasjon med noko anna.
Str. L

SOLGT!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar