Translate

fredag 14. september 2012

FARGERIK UGLEKJOLE




Denne kjolen blei sydd ferdig no i kveld!
Har hatt liggjande eit burgunder vintage maxiskjørt, som eg mange gonger har tenkt at skulle bli skjørtedel på ein RandiSign-kjole, men eg har ikkje funne eigna stoff å kombinera det med. I dag fekk eg pakke med stoff,frå Jofotex, og då fann eg ut at desse kombinasjonane blei fine ilag med skjørtestoffet. For å "sprita" kjolen litt ekstra opp, så valgte eg å bruka turkis ribb rundt halskant og ermekantar. Syns det blei kult. Og uglene er berre så søte og fargerike:)


 





Kjolen er i str L (42/44)
Pris: 795,- + evt porto

SOLGT!!


Mønster: mitt eige

onsdag 12. september 2012

MINSTEMANN ER BLITT LENGRE I BEINA:)




I dag er det onsdag igjen og eg har fri frå jobb:) Og ja, eg har sydd i dag òg.
Starta dagen med å klippa til 2 nye kjolar, dei er ikkje sydd enno:) Startar kanskje på dei i kveld:)









Men eg har sydd to nye bukser til minstemann, som stadig veks frå buksene sine:) Han er så glad i desse buksene med ribb i livet og ribb i beina, og eg syns det er mykje finare å gå i enn joggebukser. Så då er det berre for meg å sy i veg. I dag blei det ei beige kordfløyelsbukse med dongerilommer og dongerilappar på knea.
Og ei rødbrun (vanskeleg farge å definera) bukse med ein fotballspelar på låret og ein mindre fotballspelar bak:) Beige fløyelslommer. Svart ribb frå S&S på begge buksene. Strikk inni ribben i livet.

Str ca 122

Mønster: frå boka "Barn igjen"
No får me håpa guten blir fornøgd når han kjem heim frå skulen:)

KJOLE I VARME FARGAR




Denne kjolen måtte berre syast i kveld :) Likte så godt denne fargesamansetjinga.
Det er av og  til at stoff berre "skrik" etter å bli satt saman til ein RandiSign-kjole:) Det følte eg altså med desse stoffa.

Bryststykket og ryggstykket er eit mønstra viskosejerseystoff, frå Jofotex.
Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein topp, kjøpt på Fretex.
Skjørtedelen er eit vevd litt kraftig beige stoff med små blomar som er vevd inn i stoffet.
Halskant og ermekantar er kanta med svart ribb, frå S&S. Likar å laga ermekantane med litt brei ribb.

Skjørtekanten er kanta med ei smal bomullsblonde.



Str. L (42/44)

Pris: 795,- + evt. porto 

 SOLGT!!!


søndag 9. september 2012

OPTIMISTKJOLE i GRÅTT OG ROSA:)




Denne kjolen er blitt til i løpet av helga. Minstemann har vore vekke på leir, og då  har mor nytta sjansen til å sy litt ekstra:)
Kjolen er sydd av ulike stoff.  Bryststykket og ryggstykket er sydd av eit mønstra strikkeliknande stoff, frå S&S. Ermene er sydd av eit grått jerseystoff med mintgrøne stjerner, frå S&S.

Skjørtedelen er sydd av eit grått bomullsstoff, som eg har fått.




Halskant er kanta med rosa syntetisk ribb, frå S&S. Ermekantane er kanta med eit rosa blondestretch stoff, frå S&S.
Har pynta kjolen med to stjerner ei framme og ei bak + eit par hjarte som er stroke på på baksida av kjolen. Kjolen har fått eit lite sitat bak på skjørtekanten: "Always look at the bright side of Life". Så dette kan  me seia er ein optimistisk kjole:)

Str 42/44
Blei veldig fornøgd med kjolen og vurderer framleis om eg skal behalda den sjølv eller om den skal ut for sal. Må tenkja litt meir på det:)

Pris: 825,- + porto

SOLGT!!

torsdag 6. september 2012

ULLKÅPE I ROSA OG ORANSJE

Har lenge tenkt på at eg ville sy meg ei kåpe i kombinasjonen oransje og rosa og med alvehette. På tysdag gjorde eg alvor av det. Kjøpte desse ullfiltstoffa tidlegare i år, på S&S. Kunne eigentleg tenkt meg at det oransje stoffet var skarpare, men det var berre denne fargen dei hadde på S&S. Mønsteret til denne kåpa er frå S&S, og eg har sydd 2 kåper til meg sjølv i dette mønsteret før. Men denne gongen laga eg meg eit hettemønster og sydde på i stadenfor den opprinnelege kragen som skulle vera rundt halsen.










Dessutan satte eg i 7 trykk-knappar i stadefor 3 store vanlege knappar som stod at det skulle vera:)
Det er innslag av eit rutete tweedliknande stoff, frå S&S, i kåpa.

Vart i grunn veldig fornøgd med resultatet og tok kåpa i bruk i dag. Fin å bruka no før det blir ordentleg kaldt.



Str. 42

REDESIGNKJOLE I TURKIS

Utgongspunktet for denne kjolen var ein fin kjole i flotte fargar og med flotte detaljar, kjøpt for eit par år sidan. Likte kjolen godt då eg kjøpte den, men  då eg oppdaga at fleire i bygda hadde same kjolen som meg, blei den berre hengande i skapet.  Likar ikkje å ha likt som alle andre:)
Eg fann ut at eg ville klippa litt i denne kjolen og laga ein ny, som berre var min:)
Eg starta å klippa ut  bryststykke, eit erme og halve bakstykket til skjørtedelen. Kombinerte dette kjolestoffet frå den opprinnelege kjolen, med  turkis stretch chenille, frå S&S.









Eg brukte  opp igjen halsen og ermene som var på den opprinnelege kjolen. 
For å få litt fargeinnslag på skjørtedelen, så sydde eg på to rundingar av same stoff som i bryststykket.

Ryggstykket blei litt kort i forhold til brysstykket, så då sydde eg på ein svart kant i mellom ryggstykket og skjørtedel bak. Syns det blei kult i grunn:)

Str. L (42/44)

SOLGT!!



Ja ja det må no vera lov å ha mange kjolar når ein  syr sjølv??? :))

søndag 2. september 2012

KJOLE I MANGE FARGAR

Denne kjolen sydde eg i går medan borna såg mgp. jr. Eg gjekk litt til og frå:)
Fekk det fine stoffet som er brukt i skjørtedelen, i posten på fredag. Og då måtte det berre bli ein kjole fort:)
Hadde først tenkt å leggja denne kjolen ut for sal, men fann ut at eg må ha den sjølv:)
Ryggstykket er lilla stretch chenille, frå S&S. Bryststykket er sydd av raud stretch chenille, frå S&S.
Ermene er gjenbruksstoff frå ein avlagt lilla sommartopp, med små blomar på. halskant og ermekantar er kanta med oransje ribb, frå S&S. Denne gongen laga  ein litt breiare kant på ermene, for at dei skulle bli litt lengre. Syns i grunnen det blei litt fint. På bryststykket er det sydd på ein burgunder blondeglidelås til pynt. (har fått litt dilla på desse glidelåsane)







På ryggstykket har eg sydd på ein rund applikasjon i same stoff som skjørtedelen. har òg sydd på ein mindre runding på bryststykket+ at eg sydde på ein oransje knapp midt i:)





Str. 42/44
Pris: 825,-
SOLGT!!