Translate

mandag 18. februar 2013

REDESIGNKJOLE i SVART og ROSA

I kveld har eg sydd ferdig 2 nye kjolar. Her er den eine. Var innom Fretex på Voss i helga og då fann eg bl.a ein nydeleg retrokjole som eg tenkte R E D E S I G N,  med ein gong eg såg den. Eg vaska kjolen i går, og i dag sette eg saksa i den:) Fann fram litt andre stoff og plagg og sette saman til denne kjolen. Syns den blei veldig fin i fargane, om eg skal seia det sjølv.












Kjolen er i str. L (42/44) og passar meg fint. Har mest lyst på kjolen sjølv, men det har blitt mange nye kjolar på meg i det siste, så denne er lagt ut for sal i eplabutikken min.

http://randidesign.epla.no


Pris:  849,- + evt. porto

SOLGT!!



Mønster: mitt eige

torsdag 14. februar 2013

Redesignkjole i jerseystoff




I dag kjøpte eg ein STOOR gensar på salg (str 48/50) kun med tanke på redesign. Kjekt å kjøpa ein stor størrelse, for då blir det mykje stoff å sy av. Eg måtte berre sy ein kjole til meg sjølv av denne gensaren, syns den var sååå nydeleg i fargane:). Men eg mått3e ha eit stoff til å kombinera med. Eg fann fram svart courtelle, frå S&S. (stretchstoff) Eg fann fram 3delt front-mønsteret mitt, og klipte til kjolen. Midtstykket måtte få ein skjøt, då gensaren ikkje var lang nok.














Gensaren hadde nokre små svarte ermer i enden og dei klipte eg av og sydde på igjen på kjolen min.  Skjørtekant og halskant er kanta med same svarte stoffet som i sidestykka og ryggstykket.




Eg syns fargane er fantastiske og gler meg til å bruka denne kjolen framover  mot våren.

Str.  ca  42/44

Kjole sydd av stretch dongeri og bomullssateng



Denne kjolen blei til i går. Eg var innom JYSK i går  og då fann eg eit fantastisk flott bomullssateng sengesett på salg. Eg kjøpte det med tanke på å sy kjole av det. For at det ikkje skulle bli for mykje  mønster, så brukte eg litt mørk blå stretch denim, frå S&S. Ermene er sydd av eit blondestoff, frå Jofotex.
Halskant og ermekantar, er kanta med brunoransje ribb, frå S&S.
Skjørtekanten er kanta med ein lysbeige blondekant, frå S&S. Kjolen er sydd av eit kjolemønster frå S&S, som eg har sydd fleire kjolar til meg sjølv av i det siste.







Men eg har sydd kjolen litt inn i ryggen og laga ermene lengre, og laga halskanten vidare enn i det opprinnelege mønsteret.









Måtte sjekka korleis stoffet oppførte seg når det blei vaska, så eg heiv kjolen i vaskemaskina med ein gong den var ferdigsydd. Kjolen er vaska og tørka no, og stoffet var like fint etter vask. Så no har eg klipt til ein ny kjole i eit av mine eigne mønster,der skjørtedelen blir i dette bomullssatengstoffet.



 Den kjolen blir i str 42/44 og skal leggjast ut for sal:) Reknar med å få sydd litt neste veke, då eg skal ha vinterferie:)

Mobilvesker

I går sydde eg opp litt mobilvesker i ein modell eg fann hos bloggaren Timotei. Der hadde ho lagt ut ein veldig grei tutorial på mobiletui.
Eg sydde fyrst eitt, men syns det blei litt for langt til min mobil, så eg lagde eit nytt mønster som var
2 cm kortare på lengden.  Då blei det meir passe syns eg. Her er nokre av veskene eg sydde i går.





Dottera mi på 12, likte godt Mickey Mus veska, så den fekk ho:) Eg har teke i bruk det blå med neongrøn og rosa:)
Desse mobilveskene er greie å laga og fine å ha på lur som vennegåver.

onsdag 6. februar 2013

Bestillingskjole i ny modell



Her kjem eit lite innlegg om ein bestillingskjole som eg har sydd ferdig i dag. I romjula hadde eg besøk av to unge damer som ville bestilla seg kvar sin kjole. Begge ville ha kjole i svart blondestoff. Den eine kjolen er ferdig og eg har blogga om den før.  Men denne kjolen her måtte eg jobba litt meir med avdi denne dama ynskte seg ein kjole med "hjarteform" over bysten, og tynne stropper. Slike kjolar har eg aldri sydd,  og ikkje hadde eg noko mønster heller. Eg gjekk lenge og grubla korleis eg skulle få til dette. Men for nokre veker sidan var eg i Bergen, og då fann eg plutseleg ein blondetopp med eit fòr inni, som hadde akkurat ein slik form som kjolen kunden ønska seg. Så eg kjøpte den og klipte ut fòret i blondetoppen og brukte den som mønster for overdelen til kjolen eg skulle sy.




Til underdelen av kjolen har eg brukt skjørtedelen av raglankjole-mønsteret mitt og tilpassa måla.
Overdelen av kjolen er sydd av svart courtelle, frå S&S. Den er sydd dobbel, slik at den skulle bli litt stødig.
Underdelen er sydd av turkis ribb og svart blondestoff, frå S&S.
Stroppene er svart strikk som er gummiert på baksida, kjøpt på min lokale sybutikk.

Ho som skal ha kjolen var innom i dag, for å prøva kjolen, det viste seg at den var litt for vid i livet. Men no er kjolen sydd inn, og i overgangen mellom bryststykket og skjørtedelen er det no sydd på eit svart satengband (ca 4 cm breidt) Bandet er kun festa på framsida av kjolen og skal festast bak med to små trykkknappar. Så no håpar eg kjolen passar og at kunden blir fornøgd. Kjekt med litt nye utfordringar:)


På biletet er ikkje stroppane festa bak, ville nemleg tilpassa stroppane når kjolen sat på ho som skulle ha den.


Str. ca 38/40
Pris: 750,-

søndag 3. februar 2013

SATENGBLUSE


I dag har eg sydd denne blusen til meg sjølv. Mønsteret er Jippiyes sitt blusemønster frå boka "Made by me".

Eg har brukt eit svart satengstoff med store kvite blomar, frå S&S. Det er eit veldig "nervøst" og vanskeleg stoff  å jobba med, då det sklir så lett. Men det blei no ein bluse av det og her er resultatet.
Har sydd rosa ribb i ermekantane og nede på kanten av blusen.









Denne blusen går fint an å bruka med ein langerma topp inni òg, på kalde vinter dagar!

Str. 40 (litt stor i str.)

SOL SOL SOL GUUUUL....kjole!!!!



I helga har me vore åleine, utan borna.  Eldstejenta har vore i Hemsedal på ungdomstreff, og minstemann har vore på 2.-4. klasseleir på Lyngmo. Så då har mor i huset fått sydd masse:))) Mannen har ført eit rekneskap:) Men me har slappa av og kost oss saman òg, bl.a med kafèbesøk i går:)
Det har blitt litt nye kjolar til meg sjølv i helga. Her er bilete av den eine kjolen. Den er sydd av to herlege oransje/gule vintage stoff.










Mønsteret er eit litt modifisert  mønster frå S&S.
Halskant og ermekantar er kanta med raud ribb, frå S&S. Skjørtekanten er kanta med eit raudoransje bomullsstoff.












Dette er ein vår og sommarkjole, som eg gledar meg til å gå i.

Str. 42/44