Translate

onsdag 20. november 2013

NY GENSAR TIL MINSTEMANN:)

Fekk pakke med stoff frå S&S på måndag, bl.a dette jerseystoffet med dyreprint. Bestemte meg fort for at dette skulle bli til gensar til minstemann, som er glad i dyr:).









Eg har brukt eit gensarmønster med raglanermer, frå S&S (str 8 år) Minstemann blei kjempefornøgd med gensaren og hadde den på skulen i dag.
Brukte lilla ribb frå S&S til halskanten.  Restane frå dette stoffet er blitt til luer, som skal vera med på julemesse i desember:)

onsdag 13. november 2013

SYROMMET MITT:)

I dag har eg starta på nokre syprosjekt som skal bli julepresanger, så det kan eg ikkje skriva meir om no og heller ikkje leggja ut bilete av:)










Men eg har teke nokre bilete av syrommet mitt. Eg har i alle år sete på kjøkenet og sydd, men no har eg altså fått mitt eige syrom etter at me pussa opp kjellaren og slutta å leiga ut til studentar. No har me fått betre plass med andre ord:) Godt å ha heile huset for oss sjølv:)



Her er litt bilete frå rommet!
Må nok ha meg ein opprydding i stoffhyllene, men har prøvd å sortera litt etter type stoff, så eg har ein viss oversikt:)

Her skal eg kosa meg framover!!

Deileg å kunne ha symaskinene ståande framme, og sleppa å rydda for kvar gong!

mandag 11. november 2013

KJOLE i ORANSJE/RAUDT OG KONGEBLÅTT:)



Denne kjolen er ein skikkeleg fargeklatt. Overdelen er sydd av oransje og raud viskosejersey, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit litt kraftig bomullsliknade stoff med trykk av fargerike frukter og blad. Dette stoffet fann eg på bruktbutikken i bygda:) Har meir igjen som kan bli til skjørt eller ein kjole til:)




Halskant og ermekantar er kanta med coboltblå ribb, frå S&S.













På bryststykket er det applikert på eit raudt eple.











Dette er ein kjole som garantert vil skapa glede og setja farge på tilværelsen.

Str. 42

Pris: 849,- + porto

Mønster: mitt eige

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no

"BLOMSTERBIL"-KJOLE



Denne kjolen er til å bli glad av og  gjer at ein kanskje lengtar litt attende til vår og sommar. men kjolen kan fint brukast på denne tida av året òg:)
Bryststykket er sydd av eit vinraudt viskosejerseystoff, frå S&S. Ryggstykket er sydd av oransje stretch chenille med kvite små stjerner, frå S&S. Ermene er sydd av eit korallraudt sportstretchstoff, frå S&S.
Skjørtedelen er sydd av eit fantastisk blomsterengmønstra syntetisk vintagestoff.









Halskanten har fått ein stor brei halskant av eit oransje og sølvgrått strikkeliknade stoff, frå S&S. Halskanten skal liggja laust og "tilfeldig", som eit skjerf. (ja, den er sydd fast altså!)












Ermekantane er kanta med same stoffet som er brukt i skjørtedelen.
På bryststykket er det applikert på ein søt liten bil med 2 svarte vintageknappar, som hjul:)

Denne kjolen kunne eg tenkt meg å behalda sjølv, men  har likevel valgt å leggja den ut for sal i eplabutikken min enn så lenge:) Men du skal ikkje sjå vekk ifrå at eg tek den vekk for å bruka den sjølv om ikkje så lenge:)

http://randidesign.epla.no






Str L (42/44)

Pris: 875,- + porto

Mønster: mitt eige

KJOLE I GRÅTT OG ROSA m/runde lommer




Har sydd litt den siste veka, men har ikkje fått tid til å blogga så mykje om det eg har sydd:)
Denne kjolen blei ferdig i går. Fann ut at eg må sy nokre kjolar i litt mindre storleikar òg. Så denne kjolen er i ca str 38.












Ermene og bryststykket er sydd av  mønstra viskosejersey, frå S&S. Ryggstykket er sydd av eit lysegrått jerseystoff med små mintgrøne stjerner, òg frå S&S.
Skjørtedelen er sydd av eit koksgrått syntetisk stoff m/litt stretch, frå S&S.

















På framstykket av skjørtedelen er det sydd to store runde lommer, der lommeposen som syner som ein boge, er sydd av eit rosa bomullsstoff med trykk av søte små jenterfigurar, som tittar ut av lommene:)
Eg har sydd lommene fast til sjølve framstykket, for at dei skal henga fint på plass.
Halskanten er kanta med eit sølvgrått syntetisk strikkeliknande ribbstoff, frå S&S. Ermekantane er kanta med grå ribb, frå S&S.

Pris: 849,- + porto
Str S (ca 38)

Mønster: mitt eige

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:

http://randidesign.epla.no

Skjørt av flott oransje vintagestoff



Før helga fekk eg pakke med dette flotte oransje vintagestoffet med søte små kvite og rosa blomar,  i posten. Det stoffet "skreik" etter å bli til skjørt og kjolar etter å ha levd nokre tiår som dynetrekk:)
















Eg fann fram stoffsaksa, skjørtemønster, limegrøn ribb og litt rosa courtelle, til skjørtekanten. Inni er skjørtet fòra med eit mintgrønt og kvit rutete bomullsstoff.

Tadaa, så blei det til dette skjørtet i str 42/44

Pris: 425,- + porto

Mønster: mitt eige

Skjørtet er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no

mandag 4. november 2013

Lilla ullkjole til god kollega


Denne kjolen er sydd til ein god kollega, som ville ha ny kjole til jul. Kjolen er sydd av lilla ullfilt, frå S&S.
Kjolen er fin å bruka over ein langerma topp. Kjolen kan brukast med smal dongeribukse under eller med ein tights eller strømpebukse under.



På brystykket er det sydd på ein firkanta hjarte-applikasjon.
på baksida av kjolen er det sydd på eit svart fleecehjarte nede på høgre sida.
Her har eg klipt til 2 like store firkantar, ein i lilla ullfilt og ein i svart fleece. Så har eg klipt ut eit hjarta i den svarte firkanten. Så har eg sydd saman dei to firkantane og fått fram eit lilla hjarte:) Kunne sjølvsagt ha droppa den lilla firkanten, då kjolen er lilla, men men:)





No håpar eg kollegaen min vil lika kjolen og at ho får mykje glede av den:)

Mønster: mitt eige
Pris: 750,-