Denne kjolen er til å bli glad av og gjer at ein kanskje lengtar litt attende til vår og sommar. men kjolen kan fint brukast på denne tida av året òg:)
Bryststykket er sydd av eit vinraudt viskosejerseystoff, frå S&S. Ryggstykket er sydd av oransje stretch chenille med kvite små stjerner, frå S&S. Ermene er sydd av eit korallraudt sportstretchstoff, frå S&S.
Skjørtedelen er sydd av eit fantastisk blomsterengmønstra syntetisk vintagestoff.
Ermekantane er kanta med same stoffet som er brukt i skjørtedelen.
På bryststykket er det applikert på ein søt liten bil med 2 svarte vintageknappar, som hjul:)
Denne kjolen kunne eg tenkt meg å behalda sjølv, men har likevel valgt å leggja den ut for sal i eplabutikken min enn så lenge:) Men du skal ikkje sjå vekk ifrå at eg tek den vekk for å bruka den sjølv om ikkje så lenge:)
http://randidesign.epla.no
Str L (42/44)
Pris: 875,- + porto
Mønster: mitt eige
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar