Translate

onsdag 27. november 2013

ELEFANTKJOLE

Jammen blei det ein kjole til meg i dag òg:)
Har lenge gått og tenkt på ein lilla stoffkombinasjon til det lilla bistretchstoffet, som er brukt i skjørtedelen på denne kjolen. Kom i dag på at eg kunne bruka dette brune elefantstoffet, frå S&S i lag med ein rest av eit lilla blondestoff. Eg fann fram igjen mønsteret eg brukte til  kjolen i jerseystoff og dongeri (som eg blogga om før i dag)












Eg lurte ei stund på kva eg skulle gjera i halsen, men fann fort ut at eg ville ta opp den bringebær-raude fargen som er på føtene til elefantane for å bryta litt med det lilla. Eg hadde liggjande eit syntetisk stretchstoff, som eg klipte halskant og ermekantar av.


Likar godt denne breie "lause" halskanten, som gjer inntrykk av at ein har på eit skjerf.









For å få kjolen endå meir morosam, applikerte eg på nokre elefantar på skjørtedelen. To som møter kvarandre på framsida og ein einsleg elefant på baksida, som kanskje blir vener med dei andre to ein vakker dag:)

Tenker dette kan bli ein fin og morsom adventskjole:)

I tillegg til kjolen har eg i dag gjort ferdig ein julepresang og sydd opp nokre fleire huer:)
Med andre ord ein produktiv dag!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar