Translate

onsdag 27. november 2013

KJOLE I JERSEY OG STRETCHDONGERI




Denne kjolen har eg sydd til meg sjølv.  Den er sydd av ulike stoff frå S&S. Over delen er sydd av to ulike jerseystoff, og skjørtedelen er sydd av mørkeblå stretchdenim. Mønsteret til denne kjolen laga eg  for ei stund sidan, men eg har berre brukt det ein gong før. Ermene er sydd i to deler, der den nederste delen er er smal og den øverste delen er litt vidare. Ser at eg kunne laga øvre delen av ermene litt vidare, så hadde det blitt meir "puffermer". Men det kan eg hugsa til neste kjole:)















Har pynta kjolen med to stjerner, på framsida av skjørtedelen. Kjekt å ta opp att stjernetemaet sidan det er mange små stjerner på jerseystoffet som er brukt på ermene og som halskant.









Må nok bli nokre fleire kjolar med dette kjolemønsteret etter jul. Har lenge brukt raglankjolemønsteret mitt, som eg er så glad i. Men greit å variera  litt:)

Men no nærmar det seg jul og juleførebuingar, så det blir nok ikkje tid til å sy så mange fleire kjolar no. Men etter jul er eg nok klar igjen for nye prosjekt:)
Skal vera med på to julemesser før jul, så no er det klargjering til det:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar