Translate

torsdag 30. juni 2011

Redesignkjole i duse og mørke fargar




 
Dette blei ein kul redesignkjole, sjølv om eg tykkjer den er litt dyster i fargane:)
Utgangspunktet ser du på bileta. Eit maxiskjørt frå 70-talet, ein nesten ny topp frå nyare tid (kjøpt på bruktbutikken) eit hekleliknande stoff frå S&S til ermene.
Eg klipte først til skjørtedelane, klipte så vekk ermene og nedre del på den opprinnelege toppen, og klipte til nye ermer av heklestoffet. Sydde så alle delane saman. Kanta ermene med restar frå den avklipte toppen. Dette blei ein L-str. Litt trang å få på over bysten, men sit fint når du får dradd kjolen på plass:)

 Pris: 590,- + evt porto  Sommarsalg: NO 350,-

SOLGT!!

Prøveprosjekt- sy genser i 2 deler

Jenta mi på snart 11 år har etterkvart fått sterke meiningar,  om kva ho likar å gå i og ikkje. No er det ikkje berre for mor å gå ut å handla klede til ho, ho lyt vera med sjølv:)  Og no er det singlet med ein genser med vid hals utanpå, som gjerne skal dragast litt ned på skuldra på eine sida, + dongeritights, som er favoritt plagga. Ho har eit par gensarar som er sydd saman av to deler (bol og ermer klipt i eit stykke) Eg prøvde å laga eit mønster her ein dag, der eg tok utg.pkt i ein genser ho hadde, men den blei for trang i ermene og fekk ein merkeleg fasong. Dumt, då eg ikkje har meir igjen av dette stoffet til å sy ein ny:( Men , men, innimellom må ein rekna med at noko blir  mislukka, sånn er det berre.  (svart og kvitstripa viskosejersey frå Jofotex)

I kveld er jenta mi på overnattingsbesøk til ei venninne, så då ville eg prøva å sy ein ny gensar. No tok eg ein annen gensar og la den oppå stoffet eg ville bruka, og klipte rundt. Laga den nye gansaren litt lenger både på lengda og på ermene. Klipte 2 like delar og klipte til halsopninga på frihand. Stoffet er kjøpt hos MG-tyger. Svart ribb frå S&S.
No får me sjå i morgon om den passar:)

onsdag 29. juni 2011

Redesigndongeriskjørt 2

Utgangspunktet for dette redesignskjørtet var eit avklipt dongeriskjørt (som opprinneleg  var fotsidt) (Kjem ikkje på kva eg har brukt resten av skjørtet til:) I alle fall fann eg dette skjørtet fram, og klipte til eit fargerikt stoff som eg fann i ei kasse på loftet. Klipte dette stoffet ein del breidare enn skjørtet,slik at eg fekk laga små legg rundt heile kanten. Sydde så saman delane. Sydde på ei lyseblå kroklisse i overgangen mellom dei to delane. fann òg fram ei vintagebrikke som eg sydde på under høgre framlomme, for å gjera skjørtet litt meir spesielt og unikt. Sydde på ein nydeleg lyserosa knapp i midten på brikka.
Skjørtet er kanta med ein rosa overlock-saum.
Str. 38
Pris: 390,- + evt. porto

SOLGT!!

Redesigndongeriskjørt 1

Utgangspunktet for dette skjørtet var ei avklipt dongeribukse. Eg kjøpte nemleg to dongeribukser som låg i ei restekasse på ein butikk, til 50 ,- pr.stk. Buksene var altfor små til meg, men sidan det var to vide buksemodellar, så kunne eg bruka beina til å laga skjørt av (sydde skjørt i 6 delar). det blei då igjen øverste delen på buksene. Fann fram eit nydeleg kvitt vintage bomullsstoff med små mørkebrune blomar. Klipte til  ein stoffdel som var litt vidare enn dongeridelen, og nåla dette stoffet på og laga nokre små legg på framsida, og sydde fast.  Applikerte på 3 røde og rosa blomar på framsida, for å friske skjørtet litt opp. Sydde òg på ei rosa kroklisse i overgangen mellom dei to stoffa.
Skjørtet har fått ein rosa overlocksaum rundt skjørtekanten.
Str. 38
Pris: 390,- + evt porto

SOLGT!!

Kan hunden vera modell??

I går sydde eg opp ein del bomullshuer i ulike jerseystoff eg hadde liggjande. Ein av huene prøvde me på hunden vår Shiba, og ho kledde jo den ganske bra då??
Desse huene er berre soo gode å ha på, og passar fint til både born og vaksne:)

mandag 27. juni 2011

"Lilla stjerner i sikte"-kjole

STJERNER ER TOPPEN!!

Her har eg sydd ein kjole i lilla og lime. Eg syns det er ein knallfin kombinasjon av fargar!!!
Kjolen er sydd i mitt eige "RandiSign"-mønster:)   Stoffet eg har brukt denne gongen er stretch chenille frå S&S (limefarga) Stjernestoffet, som òg er i stretch chenille, trur eg kjem frå MG-Tyger eller Stof2000. Halskanten og ermekantane er microsateng, frå ein vintagetopp kjøpt på Fretex. Gjenbruk er tingen!! Framstykket er sydd i 3 delar. Bakstykket er sydd i 2 delar (med stjernestoffet)
Mønsteret er forma slik at kjolen skal vera figurnær, så den som vil ha denne kjolen, må vera  str ca 46/48, for at kjolen skal sitja fint på;)

Str.XXL (46/48)
Pris: 790,- + evt porto

SOLGT!!

søndag 26. juni 2011

storesyster ville ha sommarskjørt!!!

Jenta mi på snart 11 år kom i ettermiddag og sa: " mamma no ska du få lov til å laga noko du har venta på lenge- eg har lyst på  eit skjørt". Eg blei kjempeglad for at eg endeleg skulle få sy skjørt til "storesnuppa", så eg sa kom så går me opp på loftet og finn nokre fine stoff:) Og resultatet blei ikkje berre eitt, men FIRE skjørt i ulik lengde og fasong, etter ynskje frå "kunden":)) Alle skjørta fekk ribb i livet!
Her kjem litt "manekeng"bilete:) No får me berre håpa sommaren kjem, slik at skjørta kan få bli brukt!!