Translate

onsdag 28. september 2011

To nye kjolar er komt i nettbutikken min:)

I dag har eg sydd litt forskjellig (onsdag=sydag), men her er to kjolar som eg har sydd ferdig i dag og lagt ut for sal:)
 Str. L (42)
Pris: 690,- + evt porto
SOLGT!!

Str. M (38/40)  SOLGT!!
Pris: 725,- + evt porto


lørdag 24. september 2011

Skjørt til ei søt lita jente:)


I går var eg på loppemarknad og kjøpte bl.a eit søtt cordfløyelsstoff i eit herleg spekter av fargar og mønster. Hadde besøk av niesa mi (på snart 4 år) i ettermiddag. Ho ville gjerne at tante skulle sy skjørt til ho av dette stoffet. No er skjørtet sydd og eg håpar jenta blir fornøgd:)
Rosa ribb frå jofotex.  Blonde nederst på skjørtekanten.
Mønster: eige

fredag 23. september 2011

Loppefunn!!!



I kveld har eg vore med som seljar på den årlege loppemarknaden på Lyngmo. Det er alltid spanande å sjå om ein finn noko av interesse. Og eg er jo spesielt på jakt etter tekstiler:) Og i år som i fjor fann eg litt forskjellig:) I pausen  gjekk eg målbevisst mot rommet med stoff og her ser du resultatet av det eg fann. Bl.a 2 nyyydelege gule dynetrekk, + nokre fine vintagestoff. Så no skal det bli fine kjolar framover:)) Dei gule dynetrekka trur eg at eg gøymer til våren, det er meir sommarstoff til sommarkjolar:)
GOD HELG!!

onsdag 21. september 2011

"GRØNE HUNDAR", kjole


I dag har eg hatt vekas fridag, og det betyr sydag:) Men fekk ikkje sydd så mykje i dag, då eg hadde litt anna på tapetet i dag òg, men eg fekk no sydd eit skjørt (kjem bilete seinare)+ at eg starta på to kjolar. Sydde kjolane ferdige no i kveld og her er den eine:)
Var på loftet og leita fram litt ulike stoff og fann bl.a ein grøn gensar etter dottera mi,  som ho har vokst ifrå:) Den fann eg ut at eg fint kunne bruka som ryggstykke på ein kjole med raglanermer. Fann fram litt andre stoff òg og etter litt fram og tilbake så enda eg opp med denne kombinasjonen. Vart veldig fornøgd med fargesamansetjinga på kjolen.

Str. M(40) Stretch i alle stoffa!
Pris: 725,- + evt porto

SOLGT!!

søndag 18. september 2011

OPPRYDDING I KLESSKAPET MITT:)

Har blitt nokre nye kjolar til meg sjølv i det siste, og då må noko ut av skapet for å få plass til nye plagg:)
Så i dag har eg lagt ut 3 brukte kjolar for sal i nettbutikken min:) Dei er ikkje mykje brukt, men eg set alltid ned prisen litt og opplyser om at kjolane er brukt når eg sel brukte kjolar:)

Str ca. M/L (40/42) Pris: 399,- + evt.porto  SOLGT!!


Str. L (42) Pris: 299,- + evt porto
 SOLGT!!
Str. L (42/44) pris: 499,- + evt. porto  SOLGT!!

fredag 16. september 2011

LILLA OG GUL ER EIN FANTASTISK KOMBINASJON!!



Lilla og gult er utruleg fine fargar i lag. Kjøpte eit gult syntetisk vintagestoff på Fretex i sommar, som eg allereie har brukt i ein kjole (men har meir igjen).
Tok fram eit prikkete stretch chenille stoff i lilla med  grå prikkar som eg ville bruka i overdelen på kjolen. Ermene blei klipt av eit nytt skjørt, kjøpt på salg for 50,-. Skjørtet var for lite til meg så eg kjøpte det med tanke på redesign:)
Eg laga ermene 3/4 lange, slik at kjolen fint kan brukast heile året:) Kjolen har fått litt applikasjonar på skjørtedelen for å "sprita" opp det einsfarga gule stoffet, og for å ta opp igjen det lilla frå overdelen:) Har òg sydd på ei svart kroklisse i bølger rundt den bogeklipte skjørtekanten.
Blei godt nøgd med resultatet .
Str. L (42/44)
Pris: 590,- (eg har redusert prisen litt, då eg har brukt kjolen eit par gonger)

SOLGT!!
Mønster: eige

ORANSJE og VINRØD KJOLE



I kveld har eg sydd ferdig ein kjole eg starta på litt tidlegare i veka. Kjolen er redesign, då eg har brukt deler av ein fotsid kjole (str 14 år), kjøpt på bruktbutikken.
Overdelen på kjolen er sydd av  vinraud stretchblonde, frå S&S. Og oransje stretch chenille med vinraude prikkar, frå Jofotex.
Har laga ein runding som applikasjon nede på høgre side. Kjolen har 3/4 lange ermer.

Lengde på kjolen: ca 88 cm
Str. M (38/40)
Pris: 725,- +  porto

SOLGT!!