Translate

onsdag 30. oktober 2013

REDESIGNKJOLE I GRÅTT OG ROSA

I dag er det fridagen min igjen og eg har sydd litt:)
Starta dagen med å sy nokre snurreskjerf, før eg gjekk over til denne kjolen. Eg har brukt overdelen på ein nesten ubrukt jerseykjole kjøpt på ferietur til Tyrkia i fjor:)


















Sydde på ein lilla ribbdel, som eit belte, før eg sydde fast skjørtedelen, som er rosa courtelle, frå S&S.
Kjolen har fått ein rund applikasjon på venstre framsida av kjolen.

















Kjolen blei i str L/XL (ca 44)

Pris: 825,- + porto

Mønster: mitt eige

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:

http://randideisgn.epla.no 

tirsdag 29. oktober 2013

LIMEGRØN KJOLE MED SOMMARFUGL




Denne kjolen er sydd av både nye og gamle stoff. Bryststykket og ryggstykket er sydd av gjenbruksmateriale frå ein syntetisk stretchtopp, kjøpt på Fretex.





























Ermene er sydd av eit rosa hekleliknande stoff, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit litt tjukt limegrønt vintage bomullsstoff med fin struktur. Dette stoffet har eg fått av ein god kollega.



Ermekantar og halskant er kanta med svart ribb, frå S&S.
Kjolen har 3/4 lange ermer.









Kjolen har pynta seg med ein stor og flott sommarfugl på venstre framside. Den har fått to følehorn av turkise kroklisser.



Det som er dumt er at kjolen er for liten til sømbysten min, så formen på kjolen kjem ikkje så godt fram på bileta. Men den er innsvinga i livet og skal sitja figurnært:)

Str. M (ca 38)

Mønster: mitt eige

Pris: 849,- + porto

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:)

http://randidesign.epla.no

"SKATEBOARD"-KJOLE





Denne kjolen er sydd av ulike stoff. Ryggstykket er eit blått skateboard-mønstra jerseystoff, som eg ikkje heilt hugsar kor kjem frå. Bryststykket er coboltblå stretch-chenille, frå S&S. Ermene er sydd av eit blått syntetisk stretchstoff, frå S&S. Skjørtedelen er eit gråkvitt og svart stripete syntetisk stoff med litt stretch, frå S&S.














Ermekantane er kanta med raud ribb, frå S&S. Halskant er kanta med limegrøn ribb, òg frå S&S. På framsida av skjørtedelen er det applikert på ein rektangulær pynt av ein skateboarder.









Kjolen har 3/4 lange ermer og passar fint både til haust- og vårkjole:)



Str: S (ca 36/38)

Mønster: mitt eige

Pris: 875,- + porto










Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:

http://randidesign.epla.no



"EN HIMMEL FULL AV STJERNER"-KJOLE




Denne kjolen sydde eg ferdig  før eg drog på jobb i går  (startar på jobb litt seint om måndagane, skjønar du)
Bryststykket og ryggstykket er sydd av petrolblå stretch frottè med stjerner, frå S&S. Ermene er sydd av eit tåkeblått jerseystoff, som eg ikkje heilt hugsar kor kjem i frå:)















Skjørtedelen er sydd av eit litt tjukt vintage dongeristoff.
Halskant og ermekantar er kanta med jadegrøn ribb, frå S&S. På framsida av skjørtedelen er det applikert på to stjerner i ulike storleikar. Stjernene har fått kvar sin lyseblåe vintageknapp  sydd på i midten.






























Kjolen har 3/4 lange ermer, som eg er veldig glad i:)






Str. L (ca 42)

Mønster: mitt eige

Pris: 899,- + porto

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:

http://randidesign.epla.no

torsdag 24. oktober 2013

KJOLE I ROSA OG GRØNT

Denne kjolen blei sydd ferdig i går, på det nye flotte syrommet mitt:)
(Må laga eit eige innlegg med bilete av det seinare)
Bryststykket og ryggstykket er sydd av stoff frå eit mønstra viskosejersey-skjørt, kjøpt på salg.
Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein syntetisk topp, kjøpt på Fretex.













Skjørtedelen er sydd av rosa courtelle, frå S&S.
På framsida av kjolen er det applikert på ei stjerne, med ein oransje knapp påsydd i midten.














Halskant og ermekantane er kanta med grønt jerseystoff, frå ein ubrukt singlet.







Kjolen har korte ermer, men kan fint brukast heile året:)






Str. L (ca 42/44)

Mønster: mitt eige

Pris: 849,- + porto

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no

SKJØRT SYDD AV VINTAGESTOFF



Dette skjørtet sydde eg i førre veke, men har ikkje fått blogg om det før i dag:)
Framstykket er sydd av eit mønstra bomullsstoff i flotte haustfargar. Dette stoffet fekk eg av ein god kollega, som hadde det liggjande. Bakstykket er eit raudt poplinstoff med kvite prikkar, frå S&S.











Skjørtet er fòra med eit tynt bomull/polyester? stoff.
Det er sydd på oransje ribb i livet, frå S&S. Slike skjørt er veldig behagelege å ha på då det ikkje strammar i livet:) Rundt skjørtekanten er det sydd på ain kant av same stoffet som er brukt på bakstykket.

Str. L (ca 42/44)

Mønster: mitt eige

Pris: 495,- + porto

Skjørtet er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla

torsdag 10. oktober 2013

KJOLE INSPIRERT AV ELEFANT PÅ BARNE-TV:)

Denne kjolen er inspirert av ein elefant eg såg på barneTV på NRK-Super ein morgon, denne veka.
Elefanten var lilla og hadde raudmønstra øyre. (kanskje fleire som har sett denne elefanten??)















Eg har alltid likt kombinasjonen lilla og raud. Eg har vore innom S&S i haustferien og då kjøpte eg lilla isoli.




Bryststykket i denne kjolen er gjenbruksmatriale frå ein glitrande syntetisk vintagetopp, frå Fretex. Ermene er raud og beige mønstra crimpelin frå 70-talet (fått av ein snill kollega)









Resten av kjolen er altså lilla isoli,frå S&S. Rundt halskanten er det sydd på oransje courtelle, frå S&S.
Rundt ermekantar og rundt skjørtekanten er det sydd på lilla stretchblonde, òg frå S&S

På framsida er det applikert på ein stor fin blome med ein raud knapp påsydd i midten.

















På ryggen er det applikert på ein glitrande sommarfugl.
















Kjolen er i str L /XL (ca 44)

Pris: 899,- + porto

Mønster: mitt eige

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:

http://randidesign.epla.no