Translate

tirsdag 19. februar 2013

FLOWER-POWER- kjole






















I går fekk eg bl.a ein NYYYYDELEG vintage kjole frå 70-talet, av mi svigerinne. Du ser bilete av kjolen her. Eg fann ut at dette kunne bli ein ny fin kjole i kombinasjon med denim. Eg har vore i Bergen i helga og var då innom ein butikk med masse salg. Bl.a kjøpte eg to enkle like dongerikjolar i str. 38 (altfor små til meg) Kjøpte dei med tanke på redesign (kosta berre 20 kr pr stk.) Eg tok fram den ein kjolen i dag og brukte stoff frå den i denne kjolen. Eg har igjen brukt favoritt kjolemønsteret mitt frå S&S, men med litt modifisering.









Ermene og øvre bryststykket er sydd av eit blått blondestoff, kjøpt på Fretex.  Halskant og ermekantar er kanta med stoff frå vintagekjolen.

Syns kjolen blei veldig kul, og den skal eg behalda sjølv:)
Str. L (42/44)


1 kommentar:

  1. Sååå mye flott du har laget !! :-)
    det er lenge siden jeg har "surfet" og tittet innom :-)
    men her må jeg huske å titte innom oftere ser jeg :-)

    SvarSlett