Translate

torsdag 14. februar 2013

Redesignkjole i jerseystoff




I dag kjøpte eg ein STOOR gensar på salg (str 48/50) kun med tanke på redesign. Kjekt å kjøpa ein stor størrelse, for då blir det mykje stoff å sy av. Eg måtte berre sy ein kjole til meg sjølv av denne gensaren, syns den var sååå nydeleg i fargane:). Men eg mått3e ha eit stoff til å kombinera med. Eg fann fram svart courtelle, frå S&S. (stretchstoff) Eg fann fram 3delt front-mønsteret mitt, og klipte til kjolen. Midtstykket måtte få ein skjøt, då gensaren ikkje var lang nok.














Gensaren hadde nokre små svarte ermer i enden og dei klipte eg av og sydde på igjen på kjolen min.  Skjørtekant og halskant er kanta med same svarte stoffet som i sidestykka og ryggstykket.




Eg syns fargane er fantastiske og gler meg til å bruka denne kjolen framover  mot våren.

Str.  ca  42/44

1 kommentar: