Den blei litt stilfull syns eg, og kan fint brukast både til kvardags og fest. Det mønstra stoffet i overdelen og ermene, er viskosejersey, frå Jofotex. Nedre delen på ermene er eit burgunder raudt blondestoff, frå S&S.
Ryggstykket er eit raudt stretch stoff med roser vevd inn i stoffet, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av same stoff som kjolen i forrige innlegg. Det er eit gråsvart bomull/polyester stoff, frå JYSK. Likar dette stoffet veldig godt:)
Kjolen har fått ein kant nede av same stoffet som i overdelen. Og halskanten er kanta med raud ribb, frå S&S.
Har sydd på nokre applikasjonar på skjørtedelen, 2 framme og ein bak.
Str. L (42/44)
Lengde: ca 94 cm
Pris: 825,- + evt. porto SOLGT!!
Mønster: mitt eige
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar