Denne kjolen er sydd i litt "frekke" men kule fargekombinasjonar, syns eg. Bryststykket og ryggstykket er rosa stretch chenille med raude stjerner, frå Jofotex.ROSA OG RØDT ER KULT I LAG!!!!! Ermene er sydd av stripete viskosejersey i rosa lilla, grå og svart, frå S&S. Skjørtedelen er eit gråsvart bomulls/polyester? stoff, frå JYSK.
Kjolen er kanta med eit lilla syntetisk stretchstoff, frå S&S. Kjolen har 3/4 lange ermer, og passar til bruk heile året. Denne kjolen vil eg påstå kan glede mange med sine flotte "knæsje" fargar:)
Dersom du får lyst på denne kjolen, så er den lagt ut for sal i nettbutikken min på epla.
http://randidesign.epla.no
Str: L (42) kanskje den passar ein liten str 44 òg:)
Pris: 825,- + porto
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar