Denne kjolen blei òg ferdig i kveld!
Dette er ein kjole som er sydd av ulike stoff. Brysstykket er eit lilla og grønmønstra viskosejersey stoff, frå Jofotex. Ryggstykket er gjenbruksmateriale frå eit flott syntetisk lilla vintage maxiskjørt. Ermene er sydd av eplegrønt ribbstoff og eit lyserosa stretch blondestoff, begge stoffa frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit svart og kvitt sikksakk mønstra syntetisk stretch stoff, frå S&S. For å få igjen litt farge i skjørtedelen, så har eg sydd på to runde applikasjonar i same stoffet som i ryggstykket, på framsida av skjørtedelen. Halskant er kanta med same grøne ribbstoff, som i ermene.
Kjolen har god stretch og er i ca str 42/44
Pris: 825,- + evt porto
SOLGT!!
Mønster: mitt eige
Åhhh denne var fin og flott!
SvarSlett